Påmelding til Førde IL Turn


Klar for turnglede, meistring og fellesskap?

Førde IL Turn tilbyr aktivitetar for barn og unge på ulike nivå, frå gymleik for dei yngste til breiddeturn og konkurranseturn for dei som ønskjer større utfordringar.

Vi opplever stor interesse for tilboda våre, og fleire av gruppene har venteliste. Vi oppmodar difor alle om å melde seg på så tidleg som mogleg :) 


Våre tilbod

🤸 Gymleik

For dei yngste barna som ønskjer å utforske rørsleglede gjennom leik, aktivitet og grunnleggjande motorisk trening.

🤸‍♀️ Breiddeturn

For barn og ungdom som ønskjer varierte treningar med fokus på meistring, utvikling og turnglede.

🏆 Konkurranseturn

For turnarar som ønskjer å satse meir på turn og delta på konkurransar. Treningstilbodet omfattar fleire treningar per veke og tett oppfølging frå instruktørane.


Treningsavgifter per semester

Trening:Pris per semester:
Gymleikkr 1 100
Breiddeturn (1 trening per veke)kr 1 450
Breiddeturn (2 treningar per veke)kr 2 600
Konkurranseturnkr 3 600



Slik melder du deg på

  1. Fyll ut påmeldingsskjemaet.
  2. Barnet vert registrert på venteliste dersom gruppa er full.
  3. Du vert kontakta når det blir ledig plass.
  4. Når barnet får plass, må medlemsskap registrerast i Min Idrett.

👉[Meld på her]


Venteliste

På enkelte parti, spesielt jentegruppene, kan ventetida vere lang. I nokre tilfelle må ein rekne med fleire års ventetid før det blir ledig plass. Vi har dessverre ikkje kapasitet til å sende individuelle oppdateringar om plassering på ventelista. Vi takkar for tolmodet og tek kontakt så snart det blir ledig plass.


Min Idrett

Alle aktive medlemmar i Førde IL Turn må vere registrerte i Min Idrett. Dette er nødvendig for medlemskap, forsikring og deltaking i aktivitetar gjennom Norges Idrettsforbund.

👉 Registrer deg i Min Idrett


Fakturaspørsmål og betaling

Har du spørsmål om faktura, treningsavgift, medlemskap eller betaling?

Vi ber om at alle spørsmål knytt til faktura og betaling vert sende på e-post til:

📧 fakturafordeturn@gmail.com

For å hjelpe oss med å finne saka di raskare, ber vi om at du oppgjev:

  • Namn på turnaren
  • Kva parti turnaren går på
  • Kva faktura eller betaling spørsmålet gjeld
  • Eventuelt fakturanummer dersom du har dette tilgjengeleg

Vi svarar så raskt vi har høve.


Avmelding

Dersom du ønskjer å avslutte medlemskapet, ber vi om at du sender e-post til:

📧 fordeturn@gmail.com

I tillegg skal hovudinstruktør informerast. Då kan vi raskt tilby plassen til nokon på ventelista.


Velkomen til Førde IL Turn 💜

Turnglede • Meistring • Fellesskap